Eg ber ikkje om eit lykkeleg liv
men om mange øyeblikk av lykke
Og om styrke til å tåla dei dagar
som også vil krevja
Eg ber ikkje om å få dansa kvar dag
men at danseskoa skal blir meir
slitte og brukte
Eg ber ikkje om det umogelege
men om det mogelege
At vi kan bry oss meir om kvarandre
og gje kvarandre større rom
At raushet og omsorg må få bu
i rikt mon mellom oss
Og at vi må evna sjå
utover vår eigen dørstokk
og vera eit håp for andre
på denne jorda vi er sett til å dela
Det skal ikkje all verda til